Særskilt tilrettelegging

Om ein har behov for særskild tilrettelegging finnast det moglegheit for dette også som lærling eller lærekandidat ute i bedrift. Å ha behov for ekstra tilrettelegging er ikkje hinder for å få læreplass eller opplæringskontrakt.

Publisert: 30.12.2019 Oppdatert: 28.05.2020

Særskild tilrettelegging er mogleg å få til, men det er avhengig av at lærling eller lærekandidat tek kontakt og gir informasjon om kva behov han/ho har. Først når vi kjenner utfordringane, kan vi byrje å legge til rette opplæringa.

Det finnast ulike måtar og tilrettelegge på. For å kunne tilrettelegge treng vi ofte ei sakkunnig uttale frå PPT. Om kandidaten ikkje har ei slik uttale frå før kan den bestillast før eller under vegs i læretida. Til tidligare ein kjenner behovet, desto betre.

 

Ulike former for tilrettelegging kan være;

  • Opplæringskontrakt – lærekandidat (informasjonsbrosjyre om dette finn dykk nederst på sida)
  • Ekstra tilrettelegging gjennom læretida, men med ordinær lærekontrakt

Ta kontakt med oss saman med kandidat dersom du tenker at dette gjeld din ungdom eller dykk har spørsmål.

 

Last ned