Slik kan du hjelpe

Det er ikkje alltid lett som foreldre å vite kva ein kan hjelpe med. Vi har her prøvd å komme med nokon stikkord.

Publisert: 30.12.2019 Oppdatert: 28.05.2020

Det er mykje å sette seg inn i, både for ungdommen som skal ut for å fullføre ei utdanning og for foreldre/føresatte som vil støtte og hjelpe til. Derfor har vi valgt å legge ut infomasjon til både til elev/lærling og foreldre/føresatte.

Teieplikt og personvern

Vi på Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre er her både for lærling og for bedrift. Vi har teieplikt . Dersom du som forelder eller føresatte ønsker å ringe oss for å få informasjon om lærlingen, er det viktig at både dykk og vi har samtykke frå lærlingen om å gi ut infomasjon. Dersom vi er usikre på om vi har lov å gi dykk informasjon vil vi alltid sjekke med lærling om det er greit. Og så ta kontakt igjen. Dette fordi vi ikkje har opplysningsplikt til foreldre eller føresatte. Ved behov informerar vi, og oppmodar lærlingen til å ta med foreldre/føresatte i møter.

Vidare er det viktig å …

  • Støtte ungdommen i sine val
  • Ta samtale om utdanning og jobben rundt kjøkkenbordet eller når dåkke møtast.
  • Vis interesse for faget dei har valt, både før eventuell læretid og gjennom læretida
  • Spør korleis det går, korleis dei trivast eller om noko er vanskelig?
  • Oppfordre og støtt lærlingen til å sjølve ta kontakt om dei lurer på noko eller skal gi beskjed om noko til arbeidsplassen.