Kurs for veiledere og andre rundt helsefaglærlingen

Vi hadde ein flott dag, med heile 67 stykk samla på Sunnmøre Folkehøgskule, til både fagleg økt og sosialt treff for dei som jobbar med og rundt helsefaglærlingen.

Publisert: 14.06.2022

Dagen hadde mykje godt innhald, med fagleg og engasjerte foredragsholdere, og Sufh la ramma for ein veldig fin dag 🙂

Innholdet frå dagen inneheldt ulike innspel, frå ulike vinklinger.

Opplæringskontoret:

Yvonne Sjåstad frå Opplæringskontoret starta dagen med å vise oppbygginga av kunnskapsløftet. Deretter tok ho føre seg gjennomgang av læreplaner og korleis Olkweb oppgåvene til lærlingen er oppbygd ut ifrå det. Ho var innom kva forventningar vi har til lærling og til veileder, og korleis vi best kan legge til rette for gode læringssituasjoner.

Skulen:

Deretter var det klart for å sjå skulen sitt perspektiv på helsefagutdanning. Hege Løseth heldt eit engasjert innlegg der ho hadde gjennomgang av historien om helseutdanninga frå kva det har vore, og fram til idag. Ho visualisere dei ulike møta som ein helsefagarbeider møter på i løpet av dagen og i arbeidslivet. Ho hadde også eit stort og brennande engasjement for å ta vare på ungdommen i møte med arbeidslivet, og var tydelig på “Learning by doing”!

Randi Taklo hadde eit lite innslag om at det er skulen som preppar elven, og at det er ute i praksisfeltet treninga ligg. Ho minte oss også på viktigheita av å sette ord på handlingane. Det er lett å ikkje ordsette kva vi gjer i arbeidet, og då er det ikkje så lett å ha med forståelsen på kvifor vi utfører.

Prøvenemnd:

Henriette Sjåstad, prøvenemd, tok så over å synliggjor kva vi skal vektlegge i det skriftelige arbeidet. Ho snakka vidare om kva som er relevant å vektlegge, og kva kan vi la ver å vektlegge.

Prøvenemd:

Siste økt var tildelt prøvenemnda. Her var Gunvor Friisvold, leiar for prøvenemda, innom dei ulike faktorane som bør vere på plass, både med lærling, men også på læreplassen i læretida. Og ikkje minst under gjennomføringa av sjølve fagprøva.

Vi hadde også drøftingsoppgåve på bordet, der det var rom til å dele litt erfaringer frå arbeidskvardagen. Avslutningsvis;  Saman legg vi no ramma for å utdanne gode FAGarbeidere!