Førstehjelpskurs for 2.års lærlingar i HEA og BUA 30.05.22

Publisert: 31.05.2022

I går fekk vi endelig gjennomføre førstehjelpskurs for 2. års lærlingar i helsefag, og barn -og ungdomsarbeiderfaget. 

Med ein veldig engasjert og stødig Geir Bjørnar frå Lifecare, fekk vi innføring i blant anna klinisk blikk, varsling, hjerte og lungeredning og korleis vi skal opptre ved fare for nedkjøling, og ved blødning. Førstehjelpskurset var både teoretisk, og praktisk, og vi øvde på kvarandre og på treningsdukke. Vi var også innom pasientrom, der vi hadde ein realistisk case som lærlingane måtte løyse i lag.

Det blei ein lærerik dag for oss alle 🙂