Når du har fått ein læreplass

Du som har fått ein lærlingplass teiknar lærekontrakt med opplæringskontoret og bedrift når læreforholdet tek til. Her finn du meir informasjon som er relevant for deg som har ein læreplass ved Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre.

Publisert: 30.12.2019 Oppdatert: 15.10.2020

Ei lærekontrakt er normalt på 2 år. Kontrakta signerast av lærling, opplæringskontor og faglig leiar i bedrifta. Vidare vert lærekontrakta godkjend av fylkeskommunen. Har du relevant praksis i faget frå før kan du få dette godkjent, dette kan gi kortare læretida. For at avkorting skal bli vurdert av utdanningsavdelinga i fylkeskommunen må praksis dokumenterast.

Korleis signerast lærekontrakt?

Lærekontrakta skal signerast med elektronisk ID av deg som lærling, faglig leiar ved bedrift og opplæringskontor. Lærlingen/lærekandidaten får melding om signering på SMS, og lærebedrifta på e-post. I tillegg til lærekontrakta skal du også ha ei gyldig arbeidsavtale med bedrifta, denne signerast på arbeidsplassen ved oppstart.

Det er derfor viktig at du har korrekt kontaktinformasjon registrert i Vigo.

Det kan du sjekke ved å logge inn her – VIGO

Arbeidsforholdet med lærebedrifta tek automatisk slutt når læretida er over. Om arbeidsforhaldet skal halde fram må ny arbeidsavtale signerast. Fylkeskommunen kan samtykke i at læretida blir stansa i samband med permisjon, til dømes ved svangerskap, sjukdom eller militærteneste. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakta hevast både av bedrifta og av deg som lærling/lærekandidat dersom ein av partane gjer seg skuldig i vesentlege brot på plikter i arbeidsforholdet. Kontrakta kan og hevast dersom ein av partane viser seg ute av stand til å halde fram i læreforholdet, eller viss ein skriftleg erklærer at det vil vere ei urimeleg ulempe å gå kontraktstida ut. Dersom du sjølv er «skuld i» at kontrakten blir heva, kan du miste retten til opplæring. Fylkeskommunen vedtek om retten til opplæring skal behaldast.

Vil du ha meir informasjon kan denne sida være til nytte;

VilBli – Lærekontrakt

Lærlingrepresentant i styret for opplæringskontoret

Ein lærlingrepresentant blir valt inn av lærlinggruppa for 1 år. Lærlingrepresentanten er lærlingane sitt talerør inn til styret for opplæringskontoret og har på styremøta tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett. Lærlingrepresentanet blir kalla inn til alle styremøter (ca. 4 i året), og til årsmøtet som skal finne sted før utgangen av mars kvart år.

Lærlingrepresentant for 2020/2021 er Marie Mork Blindheim. Her er litt informasjon om henne.

  • Marie Mork Blindheim
  • 22 år
  • Sambuar
  • Lærling på Hasund skule

Litt om meg 🙂 Etter å ha vore innom ulike barnehagar tok eg eit omval om kva eg ville jobbe som. Eg avslutta tanken om å bli kokk og starta etter kvart på Vg1 helse- og oppvekstfag, deretter Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Eg har vore vikar i ulike barnehagar i ei 2-års periode. Då var eg innom tre ulike barnehagar og fekk utruleg mange erfaringar; positive og mindre positive.

Som representant i styret;
Eg er representant for skuleåret 2020 til 2021. Det betyr at du som lærling kan kome til meg, om det er noko som styre kan vedta eller andre ting som har betydning for din læretid. Eg er tilgjengeleg på Messenger og SMS på tlf. 95448218. Ikkje nøl med å ta kontakt.

Elev- og lærlingombod i Møre og Romsdal

Fylkestinget i Møre og Romsdal har gjennom vedtak om elev- og lærlingombod (2005) sagt at elevar og lærlingar i fylket skal ha tilgong til eit uavhengig lågterskeltilbod som kan gje råd, rettleiing og støtte dersom ein treng det. Dette skal vere eit tillegg til dei tenestene elevane har på skulen og som lærlingane har i bedrifta og gjennom opplæringskontor. Ombodet har teieplikt. Tove Regine Stranden er elev- og lærlingombod for Møre og Romsdal.

Meir informasjon om elev- og lærlingombodet, samt kontaktinformasjon finn du ved å klikke på linken under her.

Elev- og lærlingombodet Møre og Romsdal