Utveksling Erfurt, Tyskland

Gjennom læretid i Europa sender vi lærlingar til Erfurt i Tyskland.  Erfurt ligg i Thüringen, og er ei by på størrelse med Trondheim.

Publisert: 30.12.2019 Oppdatert: 24.06.2025

Vi sendte dei første lærlingane i barne- og ungdomsarbeidarfaget i januar 2025. Vi reiste i frå snøv i Norge til joggesko ver i Tyskland. Det var lurt med ei god jakke, og ei hue på toppen, men det er veldig fint å få sleppe snø, regn og slaps ein heil vinter her heime 🙂

       

Byen har det meste, trikken går heile tida, og det er enkelt å finne fram i byen. Vi finn lokale butikkar, kjende kjedebutikkar, kjøpesenter, gamle flotte bygninger og moderne hus over heile byen. Du kjem deg lett frå A til B, både med trikk og på beina. Det er eit land som fortsatt bruker ein del kontanter når du skal betale for deg, akkurat det var ein liten overgang, men absolutt kjekt å investere i lommebok igjen.

Lærlingane våre har eit opphald på 3 mnd her nede, og rekk på denne tida å bli godt kjent, både i byen og  andre nærliggande plassar. Hurtigtoget tek deg til blant anna Berlin på 2 timer, og til Leipzig på under 1 time. Vi tok lokaltoget mellom Erfurt og Weimar ( Bilde 2 i teksta) på 20 minutt, og det er også ein veldig fin plass å reise til på utflukt.

Alle lærlingane bur på internat (Her finn du lærlingar og andre elevar på vidaregåande frå blant anna Askøy utafor Bergen, Tyskland, Ukraina for å nevne nokon). På internatet har dei felles rom, aktiviteter å finne på, vaskerom, kjøkken, og kort avstand til trikken.

Skulane som vi har samarbeid med er barneskular for tyske elevar. Her har dei akkurat samme oppfølging som heime, med veileder og medansvar i skulekvardagen. Kommunikasjonen går på enkel tysk, engelsk og avogtil kroppsspråk. Alle lærlingane har hatt 3 kjekke månader her nede, og det å få tidleg vår var heller ikkje feil. Nederst ligg det ein bilder  frå januar til heimreisa i april i år.