Bli lærling

Vurderar du å verte lærling? Sjå her så skal vi gi deg gode grunnar til å velje læretid.

Publisert: 30.12.2019 Oppdatert: 18.01.2024

Det er mange fordelar med å bli lærling!

Som lærling kjem du raskt ut i arbeidslivet. Du tjener pengar allereie medan du er under opplæring. Gjennom læretida kan du legge igjen ein god jobbsøknad hos bedrifta du er lærling hos. Om du er heldig ventar det kanskje ein jobb etter læretida. Om du har planar om å studere vidare kan du kanskje klare å spare litt pengar til vidare utdanning?

Og ikkje minst! Etter to år som lærling har du fagbrev og ei fullført utdanning, dette er eit godt grunnlag uansett vegvalet vidare.

Ønsker du eit praktisk studieløp der du tidleg får erfaring frå arbeidslivet, då er læretid eit godt val.

Vidareutdanning eller høgare utdanning?

Eit fagbrev er ikkje nødvendigvis ein stoppestad. Dersom du har planar om, eller seinare i livet får ønske om vidareutdanning eller høgare utdanning har du eit godt grunnlag til det.

Der finnast mange vegar. Her er nokon av dei;

  • Fagbrev parallelt med studiekompetanse – Du kan ta fag samtidig som du fullfører læretida di. På denne måten har du etter to år både eit fagbrev og studiekompetanse for vidare søking til høgskule.
  • Vg4 påbygging til generell studiekompetanse etter læretid – Du har etter bestått læretid fortsatt din ungdomsrett for å komme inn på Vg4 påbygg. Denne retten har du fram til utgangen av det året du fyller 24 år. Fleire består påbyggingsåret når dei tek det etter læretida.
  • Yrkesfagleg veg til høgare utdanning (Y-vegen) – Dette er eit alternativ som finnast for enkelte utdanningar. Høyr med oss, eller rådgivar på skulen om dette kan være eit alternativ for deg.
  • Fagskuleutdanning – Fagskuleutdanning kan ein ta når ein har fagbrev frå vidaregåande skule, eller ved å ha realkompetanse. Fagskule gir ei høgare yrkesfagleg utdanning, og utdanningsløpa varierar i lengd. Meir om kva fagskuleutdanningar som finnast i Møre og Romsdal finn du her

 

Nyttige lenkjer

Vil du lese meir om faga Opplæringskontoret Søre Sunnmøre er godkjende for? Her finn du våre fag

Har du eit yrke eller utdanning du vil vite meir om? Utdanning.no