Berre ein telefon ifrå

På vegne av våre medlemsbedrifter på Søre Sunnmøre, er føremålet til Opplæringskontoret å legge til rette opplæring for lærlingar og lærekandidatar i tråd med Opplæringslova.

Kontakt

Våre fag

Ofte stilte spørsmål

  • Det er eit stort behov for fagarbeidarar i framtida.
  • Ein får lønn under utdanning.
  • God arbeidserfaring å ta med seg vidare, både til vidare utdanning, høgare utdanning og arbeidsliv.
  • Med bestått fagbrev har du ei utdanning etter læretida.

Etter gjennomført læretid kan du:

  • Jobbe som fagarbeidar
  • Du kan søke påbygg.
  • Etter læretida har du framleis ungdomsrett dersom du ønsker å søke påbygg. Dette gjeld fram til året du fyller 24 år. Om du søker påbygg etter læretida får du eit skuleår med redusert timetal.
  • Du kan ta vidareutdanning gjennom fagskulen. Det finnast ulike tilbod alt etter kva fagbrev du har.
  • Du kan ta y-vegen til høgare utdanning. Dette alternative eksisterer ikkje over alt, sjekk ut kva moglegheiter som er for ditt fag.
  • Du kan søke høgare utdanning etter påbygg.
  • Du kan jobbe til du er 25 år og deretter søke om realkompetansevurdering for å komme inn på høgare utdanning.

Ja det får du.

Dei fleste får utbetalt feriepengane sine i juni. Dette er ein andel av opparbeidd lønn frå året før.
Litt viktig å tenke på er at dersom du ikkje jobba heile føregåande år blir denne utbetalinga mindre enn din ordinære månadslønn. Spørr din arbeidsgivar om dette.

Som lærling får du ei grunnlønn som fagarbeidarlønn fordelt på 2 år.
Grunnlønn for ein fagarbeidar er pr. 01.05.23 – 415 300,-
Jobbar du i eit yrke der du har turnus får du i tillegg for kveldsarbeid, helgearbeid og arbeid på raude dagar.

Som lærling er du rekna som ein vanlig tilsett og har ikkje skuleferie.
Du har som arbeidstakar rett på fem veker ferie pr. kalenderår. Hugs at all ferie må avtalast med din arbeidsgivar på førehand.

Som lærling blir ein sjeldan bedt om å jobbe overtid. I tilfelle der det skjer skal overtid utbetalast eller avspaserast, dette avtalast med bedrift.

Ja det kan du ha rett på.

Undersøk dette på Lånekassen, eller ta kontakt direkte med Lånekassen.

Aktuelt