Kontorets historie

Det som idag er Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre starta allereie 1. august 1995. Her er vår historie fram til 2020. 

Publisert: 27.12.2019 Oppdatert: 03.02.2020

Opplæringskontoret i Hareid vart godkjent i Hareid kommunestyre 28 juni 1995 og vart godkjent i yrkesopplæringsnemnda i Fylkeskommune i Møre og Romsdal med oppstart 1 august 1995. Namnet var da Opplæringskontoret Hareid. Grunnlaget for kontoret finn vi i skulereforma frå 1994 der fleire kommunale fag vart gjort om til lærefag.

Grunnleggarane av opplæringskontoret er Hans-Gisle Holstad og Odd-Arne Vikebakk. Dei var med frå starten av fram til 1997.

I 1997 vart Arild Grimstad tilsett som rektor for ressurssenteret i Hareid, han tok da over jobben etter Odd- Arne Vikebakk som hadde vore dagleg leiar sidan oppstarten i 1995. På den tida var det ein del av stillinga som rektor for Ressurssenteret og vaksenopplæringa i Hareid og drifte opplæringskontoret.
Etter kvart såg Fylkeskommunen eit behovet for ei samordning av ressursane og tok da kontakt med Hareid kommune med ynskje om å stifte eit interkommunalt opplæringskontor som dekte ytre søre sunnmøre.

1. januar 1999 vart kontoret oppretta med medlemskommunane, Hareid, Herøy, Sande og Ulstein. Januar 2008 vart også Vanylven kommune medlem. Frå 2001 til 2006 var Oddbjørn Grimstad dagleg leiar. Perioden 2006-2009 var Greta S Goksøyr dagleg leiar. Frå 2009 har Anne-Mari Pilskog vore dagleg leiar.

I 2013 var kontoret gjennom ei omorganisering; Opplæringskontoret vart ei sjølvstendig bedrift, registeret i Brønnøysund-registeret frå 30.09.2013.
Opplæringskontoret skifta da namn og vart Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre og kontoret vart flytta til Ulsteinvik dei dei fekk leige kontorlokale med Ulshav AS. I 2018 hadde opplæringskontoret Yvonne Sjåstad inne i ei prosjekt stilling med å få på plass digitale- lærebøker. Frå 2019 fekk ho fast stilling som opplæringskonsulent. 1 juli 2019 vart Volda kommune medlem.