Eksamensførebuande kurs

For deg som har plan om å ta fagbrev som helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar eller ernæringskokk.

Publisert: 08.04.2024

På vegne av våre medlemsbedrifter arrangerer opplæringskontoret eksamensførebuande kurs.

Kurskveldane er meint for deg som har eit tilsettingsforhald i ei kommune eller bedrift som er medlem hos oss, og som held på å samle timar for å kunne melde deg opp til fagprøve.

Kursdagar

Kurset vil gå over 2 samlingar.

Samling 1 – 27. mai 2024 (påmeldingsfrist 5.mai)

For deg som skal melde deg opp til tverrfagleg eksamen hausten 2024 i eksamenskodene HEA3103, BUA3103 eller EKF3103

  • Informasjon om korleis melde deg opp til tverrfagleg eksamen
  • Informasjon om tidsrom for oppmelding til eksamen
  • Informasjon om lærebøker og anna aktuelt fagstoff
  • Gjennomgang av eksamensveiledning
  • Gjennomgang av tidligare eksamensoppgåver
  • Gruppearbeid/refleksjon

Samling 2 – januar/februar 2025

For deg som har bestått den tverrfaglege eksamenen og no skal forberede deg til fagprøva

  • Informasjon om korleis melde seg opp til fagprøva
  • Informasjon om korleis fagprøva blir gjennomført
  • Informasjon om kva som er forventa av skrifteleg dokumentasjon til fagprøva
  • Informasjon om lærebøker og anna aktuelt fagstoff
  • Gruppearbeid/refleksjon

Påmelding

Påmeldingsfrist 5. mai 2023

Vedlagt påmeldinga må der ligge ved følgande:

  • Namn, mobilnr. og epostadresse
  • Bekreftelse frå arbeidsgivar på ditt arbeidsforhold
  • Tenestebevis frå relevant praksis som viser timar (ikkje prosent) som du har jobba innan faget du skal ta eksamen/fagprøve i. Tenestebeviset ønsker vi for å kartlegge kva ordning som passar for deg.

Kursavgift kr. 400 (betalast når påmelding er bekrefta frå opplæringskontoret). Kursavgifta dekker begge kursdagane.

For å melde deg på kurset send mail til:

post@oksore.no