

Andrine Vinjevoll frå Ørsta blei i januar kåra til Årets lærling 2025 i Møre og Romsdal. Torsdag ettermiddag fekk ho diplom for den framifrå innsatsen sin i barne- og ungdomsarbeidarfaget, og vart heidra for både fagleg styrke og engasjement i arbeidet med barn og unge.
Torsdag ettermiddag fekk Andrine Vinjevoll frå Ørsta tildelt diplom for innsatsen sin som lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Ho er kåra til Årets lærling i Møre og Romsdal, ei utmerking som løftar fram dei dyktige lærlingar i fylket. 
Andrine har utmerkt seg gjennom heile læretida, og juryen peikar spesielt på hennar evne til å skape trygge rammer, bygge gode relasjonar og tilpasse aktivitetar til barn og unge. Ho imponerte òg sterkt på fagprøva, noko som var viktig i den endelege vurderinga.
Gjennom opplæringsløpet sitt har Andrine hatt full opplæring i bedrift. Det vil sei at ho har hatt ei læretid på 3,5 år. Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre har hatt ansvar for lærekontrakta i samarbeid med Ørsta kommune og Åmås friskule. I læretida hadde ho og eit utanlandsopphald gjennom Erasmus+.
Andrine legg ikkje skjul på at prisen betyr mykje, og seier sjølv at utmerkinga er ei stor stadfesting på innsatsen ho har lagt ned.
Vi ved Opplæringskontoret gratulerer Andrine så mykje med prisen!
Ho er eit flott førebilete både for kommande lærlingar og for arbeidslivet i regionen. Saman med prisen får ho 10 000 kroner, diplom og blomster – og ikkje minst ei anerkjenning som vil følgje henne vidare i yrkeskarrien.