Etter læretida – Rebekka Bikset

Vi har tatt oss ein prat med Rebekka Bikset som var lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget frå 2017 – 2019 ved Hjørungavåg skule og Bigset barnehage. Etter læretida har ho vore på flyttefot, men er no tilbake på Hareid.

Publisert: 02.03.2023

Kva har du gjort på etter læretida? 

Etter lærlingtida jobba eg første tida vidare i Bigset barnehage der eg fekk bruke fagkunnskapen min og eg trivdes godt. Kjende så på behovet for litt forandring så eg søkte på ulike jobbar i barnehage forskjellige stadar i landet. Fekk meg fast jobb på Hitra, pakka sakene og flytta ditt i 2020. Etter eit år på Hitra der Covid prega kvardagen slik at det var vanskeleg å få besøke familie og kjende flytta eg tilbake til Hareid. Der venta også kjærleiken og jobb på Brandal friskule. No har eg nylig starta i ny jobb hos Norlandia Støylane. Eg har hatt veldig god nytte av fagbrevet mitt i alle jobbane eg har hatt som fagarbeidar, og eg opplever å være ein viktig ressurs i kvardagen til barn og unge, både på skule og barnehage.

Eg syns eg har verdens kjekkaste jobb! Å jobbe med å barn og unge er utruleg givande.

Kva planar har du framover?

Vidare har eg tenkt litt på å videreutdanne meg, men eg trivast også veldig godt med den jobben eg har no. Har ikkje heilt bestemt meg heilt enda