Åtte lærlingar og dagleg leiar Anne-Mari Pilskog hjå Opplæringskontoret for søre Sunnmøre deltok på det glutenfrie bakekurset i Ørsta 27. februar. Frå venstre: Sunniva Moen, Sigve Michalsen Hasund og Renate Amalie Røys Stave (alle frå Sunnmøre Folkehøgskule), Asgeir Hasund Øvrelid (Hareid sjukeheim), Wenncy Frias Driveklepp og Ida Emilie Bornstein (Volda omsorgssenter), Sevrine Mathilde Moltustøl (Ulstein sjukeheim) og Nataniel Stenersen Remøy (Herøy sjukeheim). (Foto: Anne-Mari Pilskog)

Kokkelærlingar på glutenfritt bakekurs

Torsdag 27. februar deltok åtte kokkelærlingar på eit glutenfritt bakekurs i Ørsta. Det var Norsk cøliakiforening (NCF) i samarbeid med Ørsta vidaregåande skule som arrangerte bakekurset. Dette var eit ordinært bakekurs i NCF, slik at det også var fleire andre deltakarar på samlinga.

Publisert: 30.03.2020

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre inviterte sine lærlingar i institusjonskokkfaget til å bli med på kurset. Alle dei åtte lærlingane vart med, samt dagleg leiar Anne-Mari Pilskog.

Godt fagleg påfyll

Trond Urkegjerde viser korleis ein kan lage glutenfri pasta. Velsmakande mat med laks inni pastarundingane. Kokken si oppskrift. Må sjølvsagt på kurs for å nå atti oppskrifta. (Foto: Hjørdis Almelid Vikenes)

Det var ein triveleg og lærerike ettermiddag/kveld for lærlingane som til dagleg jobbar i ulike institusjonskjøkken på søre Sunnmøre. Alle lærlingane synest det gav godt fagleg påfyll, både gjennom litt teori og sjølvsagt gjennom praktisk arbeid. I løpet av kvelden fekk vi alle bli med på å bake ulike produkt. Og til slutt fekk vi smake på alt det gode som var produsert. Dette er eit opplegg som Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre vil nytte seg av seinare også. Takk til bakeleiar Hjørdis Almelid Vikenes i frå Norsk cøliakiforeining for eit kjekt og lærerikt kurs, seier dagleg leiar Anne-Mari Pilskog hjå Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre.

Norsk cøliakiforening har ikkje så langt hatt eigne kurs for lærlingar, men etter at så mange lærlingar har prøvd ut eit vanleg bakekurs i Ørsta, er det absolutt noko ein kan gjenta.

Matnyttig med lærlingar

Då vi evaluerte kurset etter endt matlaging, fann vi ut at for lærlingane mangla det berre at vi laga kvit og brun saus. Det skal vi i alle fall klare å gjere på neste kurs der vi har med lærlingar. Slik er det direkte matnyttig både for deltakarane og for oss bakeleiarane at vi har ulike folk på kurs. Då får vi tilpassa kursa til det folk treng å lære. For dei med cøliaki er maten medisinen. Difor er det flott at Opplæringskontoret på Søre Sunnmøre oppmodar kokkelærlingane sine om å delta på kurset vårt. Veldig kjekt å ha både kokkelærlingar og andre deltakarar i fin sambaking på kjøkkenet. Vi i NCF sett stor pris på det gode samarbeidet vi har hatt i mange år med Ørsta vidaregåande skule. Elles vil eg også skryte av lokalpressa på Søre Sunnmøre, som tek inn presseomtalane våre før desse bakekursa. Vi som er bakeleiarar har ikkje honorar, og vi prøver å halde kursprisane nede. Denne gongen kan vi gje æra til ei lokalavis for at kokkelærlingane fekk kjennskap til kurset, og tidlegare har vi også rekruttert mange deltakarar via lokalavisene. Vi i NCF heiar på lokalavisene, understrekar bakeleiar Hjørdis Almelid Vikenes.

Trond Urkegjerde, Hjørdis Almelid Vikenes og Laila Elin Mo var kursleiarar for det glutenfrie bakekurset i Ørsta nyleg. (Foto: Privat)

På bakekurset i Ørsta deltok kokkane Trond Urkegjerde og Laila Elin Mo frå Ørsta vidaregåande skule. Dette at lærlingane får komme attende til ein vidaregåande skule og oppdatere fagkunnskapane sine, er viktig for kokkebransjen i framtida. Slik sett passa det fint at Norsk cøliakiforening og Ørsta vidaregåande skule har samhandla om glutenfrie kurs i fleire år no.

Ekte bakeglede

Dette kurset var eit godt døme på ekte bakeglede. Det å kunne bake glutenfritt med god teknikk og gode råvarer er eit særs tidsaktuelt tema. ​Veldig flott at vi fekk ei så variert samansetning av deltakarar. Det gjev ekstra god kvalitetsrik samhandling når ein får til kurs med både privatpersonar og representantar frå bedrifter og fagutdanning. Det å lese ei oppskrift fungerer ikkje alltid like bra som når du får prøve deg fram med ulike glutenfrie produkt via andre som har prøvd det tidlegare. Det å lære bruke gode teknikkar, smake og ikkje minst få til erfaringsutveksling på kva som fungerer er viktig og veldig kjekt på slike kurs som dette, oppsummerer kokk/faglærar Trond Urkegjerde.

Den glutenfrie focacciaen heva seg langt over langpannekanten!