Fagbrev på jobb

Fagbrev på jobb er ei ordning der personar som er i eit arbeidsforhold kan avtale med bedrifta å få opplæring på arbeidsplassen, som fører fram til fagbrev.

Publisert: 08.02.2024 Oppdatert: 17.06.2025

I ordninga fagbrev på jobb er lengda på kontrakten avhengig av faget, og av kompetansen og praksisen til kandidaten. Ordninga skal føre fram til fagbrev, og stiller dei same krava til gjennomføring av eksamenar og fag- og sveineprøve som for lærlingar og praksiskandidatar.

For dei som får innvilga plass i ordninga fagbrev på jobb følger opplæringskontoret opp kandidatane på vegen til fagbrev.

OBS!OBS!

På vegne av våre medlemsbedrifter er det opplæringskontoret som samarbeidsorgan som sender søknad til fylkeskommunen.

Vil du lese meir om ordninga finn du informasjon på om dette her – Informasjon om fagbrev på jobb, Møre og Romsdal fylkeskommune