Rauma vidaregåande skule

Besøk på Rauma vidaregåande skule

Når ein er lærling i kokkefaget blir læretida avslutta med fagprøve på Rauma vidaregåande skule. Nyleg var Anne-Mari og Renate som er lærling i kokkefaget der på besøk.

Publisert: 19.02.2020

14 februar satte Anne-Mari og Renate seg i bilen og reiste til Rauma vidaregåande skule. Der hadde dei avtale med Ole Tommy Ødegård som er leiar i prøvenemnda for kokkefaget.

Målet for dagen var å få informasjon om fagprøva i kokkefaget sidan Renate snart skal opp til fagprøve. Renate er lærling i kokkefaget ved Sunnmøre folkehøgskule i Ulsteinvik, med hospiteringsperioder ved kjøkkenet på Quality hotel Ulstein. Renate tok fagbrev som institusjonskokk ved Sunnmøre folkehøskule våren 2019, for så og fortsette som kokkelærling 1 år til.

Dermed har ho snart fagbrev både som institusjonskokk og kokk, i løpet av 3 år som lærling.

På besøket ved Rauma vidaregåande skule var Anne-Mari og Renate heldige og fekk servert lunsj, laga av kokkelærling som var oppe til fagprøve denne dagen, servert av lærling i servitørfaget som også hadde fagprøve. Maten var god og vi kryssar fingrane for at det gjekk bra for fagprøvekandidatane.

Takk til Rauma vidaregåande, Tommy og Mindor for kjekk prat og god informasjon.

 

Her kan du lese meir om Kokkefaget eller Institusjonskokkfaget