Kokkefaget

Som kokk tilbereder du mat og gjer den klar til servering. Du kan også ha ansvar for å sette opp menyar, planlegge innkjøp og velje ut råvarer.

Publisert: 27.12.2019 Oppdatert: 04.02.2020

Som kokk kan du jobbe på kjøkken av ulik størrelse. Jobbar du på eit stort kjøkken har du ofte ein kjøkkensjef som leiar arbeidet og har ansvar for innkjøp av råvarer og planlegging av menyar . Dersom du jobbar ved mindre kjøkken har oftast du sjølv som kokk ansvar for innkjøp og planlegging. Som kokk tilbereder du både varm og kald mat, og gjer den klar til servering. Du samarbeidar og med andre som jobbar på kjøkkenet, og kan også samarbeide ut mot kunde.

Kvar kan du jobbe?

Som kokk kan du jobbe på resturantar, kafear, kantiner, innanfor skipsfart og offshore, institusjonar og butikkar. Arbeidet medfører ofte turnusarbeid.

Personlege eigenskapar

Som kokk bør du kunne arbeide både sjølvstendig og ilag med andre. Det er bra å være løysingsorientert og kreativ, og du må kunne takle tidspress. Gode lese, skrive og regneferdigheiter er viktig. Å være kokk er ein fysisk krevjande jobb, så det er ein fordel å være i god form.

Nyttige lenker;

Utdanning – Kokk

Læreplan – Vg3 Kokkfaget

Medlemsbedrifter

Kokkefaget