
Som institusjonskokk lagar du mat ved storkjøkken og institusjonar basert på kunnskap om ernæring, kosthald og helse.
Som institusjonskokk lagar du mat til enkeltpersonar eller grupper på ulike institusjonar eller ved større bedrifter. Du lagar rettar som skal gi gode matopplevingar, men som også skal sikre eit godt næringsinnhald. Å ha ekstra kunnskap om ernæring, kosthald og helse er ein del av spisskompetansen til institusjonskokken. Som institusjonskokk skal du kunne å ta hensyn til matallergiar, diettar og kva eit kosthald bør innehalde om ein skal halde seg frisk. Som institusjonskokk skal du også ha god kunnskap om hygiene og helse, miljø og sikkerheit.
Som institusjonskokk kan du jobbe ved sentralkjøkken eller storkjøkken på omsorgsenter, sjukehus eller andre helse- og omsorgsinstitusjonar. Du kan også jobbe i kantiner ved større bedrifter, skular, barnehagar og liknande.
Som institusjonskokk må du være glad i å lage mat. Du må kunne jobbe nøyaktig og strukturert, samt jobbe effektivt og planmessig. Du må kunne jobbe sjølvstendig, men også samarbeide med andre. Yrket kan være fysisk krevjande, så det å halde seg i god form er viktig. Lese-, skrive- og regneferdigheiter er også viktig.
Vil du vite meir?
Læreplan – Vg3 Institusjonskokkfaget