Sommaravslutting for lærlingar

Det nærmar seg sommarferie og i den forbindelse har vi endeleg fått møte lærlingane igjen på sommaravslutting.

Publisert: 17.06.2021

Sommaren er her,  og det betyr at mange lærlingar snart har fullført læretida si.

Det betyr også fagprøvetid. Nokre har gjennomført fagprøva, medan andre går i spenning og ventar på at dagen skal kome.

Lærlingane som starta læretida i 2020 og 2019, har på ulike vis vorte påverka av korona, både på godt og vondt.

Dei har lært mykje om hygiene og retningslinjer med omsyn til smitte og som alle andre fått stor digital kunnskap.

Opplæringskontoret har også måtta gjort ting annleis desse to åra. Vi har dessverre ikkje kunna gjennomført dei samligane vi har ønska.

Sommaravslutting

Heldigvis fekk vi gjennomført sommaravslutting for både 1.årslærlingane og 2. årslærlingane.

Lærlingane vart delt i tre puljer. 7 juni samla vi 1. årslærlingane på Kjeldsund leirskule for grilling og sosialt samvær.

9. juni var første pulje med 2. årslærlingar samla, det også på Kjeldsund leirskule. Båe dagane med kjempe fint vèr. Alle kosa seg, det vart prøvd kano, trøbåt, SUP-brett og  bading.

16 juni inviterte  vi ei gruppe lærlingar som har vore med i eit minoritetsspråklig – prosjekt  til avslutting på Hakallegarden.

På denne samlinga hadde  lærlingane med seg maten, det vart eit stort utval av mykje god mat frå ulike land. Vi hadde ei fin og sosial stund i lag på Hakallegarden.

Opplæringskontoret ønskjer alle 2.årslærlingar lykke til vidare, og til 1 årslærlingar håper vi at vi kan få til fleire møtepunkt til neste læreår.

GOD SOMMAR FRÅ YVONNE OG ANNE-MARI