Løn til lærlingar

Løn til lærling utbetalast ut frå gjeldande tariffavtale. Hovudregel er at lærlingar skal ha ei årsløn som fagarbeidar fordelt på to år.

Publisert: 30.12.2019 Oppdatert: 28.05.2020

Lærling

Lærlingar har rett til løn i læretida. Det er bedrift som har lønnsansvaret, og dette skal stadfestast i arbeidsavtalen på starten av læretida.

I løpet av to år som lærling skal han/ho ha utbetalt ei årsløn som fagarbeidar. Der ein jobbar turnusarbeid skal tillegg for dette utbetalast etter gjeldande tariffavtaler.

Avlønning kan variere i dei ulike medlemsbedriftene. Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre sine medlemsbedrifter har to ulike avlønningar.
Nokon har avlønning slik; første halvår – 30%, andre halvår – 40 %, tredje halvår – 50 %, fjerde halvår – 80 % . Den andre avlønningsmodellen har lik avlønning heile læretida med 50 % kvart halvår.

Lærekandidat

Løn til ein lærekandidat er ikkje tariff festa. Ein lærekandidat kan lønnast ut i frå verdiskaping og etter avtale med lærebedrift. Dette vil sei at løn kan variere frå kandidat til kandidat.