Kva må til for å bli lærebedrift

Å være godkjent lærebedrift er eit kvalitetsstempel og viser at bedrifta tek eit viktig samfunnsansvar ved å utdanne fagarbeidarar. Å bli godkjent som lærebedrift er ikkje komplisert.

Publisert: 30.12.2019 Oppdatert: 27.07.2023

Som vi skriv innleiingsvis er det eit kvalitetsstempel og ein del av eit viktig samfunnsansvar og være godkjend lærebedrift. Ein er med på å utdanne framtidige fagarbeidarar og kollegaer.

Det er fylkeskommunen som godkjenner lærebedrifter slik at ein kan ta imot lærlingar og lærekandidatar. For å bli godkjent som lærebedrift må ein sende inn ein søknad til Møre og Romsdal fylkeskommune. Som medlem i Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre kan vi hjelpe bedrifta med søknaden for å bli godkjent.

Når dykk er godkjend og klar for å ta imot lærlingar hjelper vi på Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre våre medlemsbedrifter med rekruttering. Vi lyser ut stillingar og sender søknadar frå aktuelle kandidatar ut til bedriftene. Læretida er for dei fleste to år, der halvparten av tida består av opplæring og halvparten verdiskapning.

For å kunne bli lærebedrifta må bedrifta kunne stille med;

  • Arbeidsoppgåver som dekker læreplanen for Vg3 i det aktuelle faget
  • Ein godkjent fagleg leiar
  • Ein eller fleire veiledarar for lærling gjennom læretida
  • Lærebedrifta har løn- og arbeidsgivaransvar ovanfor lærling
  • Lærebedrifta skriv arbeidsavtale med lærling.
  • Styret i Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre har utarbeida felles arbeidsavtale for sine medlemsbedrifter.

Meir utfyllande informasjon om kva dei rollene veiledar og fagleg leiar inneber finn dykk i vedlegget nederst på sida. Der står også meir om kva oppgåver vi på Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre kan ta på vegne av våre bedrifter.

Last ned