Ein del av opplæringskontoret sine arbeidsoppgåver er å informere om lærlingordninga for å rekruttere fleire til å ta fagbrev. Derfor besøker vi dei vidaregåande skulane i vårt område, og først ut dette skuleåret var Stryn vidaregåande skule.
Ein del av opplæringskontoret sine arbeidsoppgåver er å informere om lærlingordninga for å rekruttere fleire til å ta fagbrev. Derfor besøker vi dei vidaregåande skulane i vårt område, og først ut dette skuleåret var Stryn vidaregåande skule.
Tidleg i desember var vi på besøk på Stryn vidaregåande skule. Der informerte vi elevane på Vg1 helse- og oppveksfag og Vg2 helsearbeidarfaget om dei lærefaga vi har som er aktuelle for dei, barne- og ungdomsarbeidarfaget og helsearbeidarfaget. Vi informerte om våre medlemsbedrifter og korleis vi saman med dei organiserer læretida for våre lærlingar.
Ekstra kjekt synst vi det var at Vg2 klassa også hadde forberedt noko for oss. Vi fekk omvisning på velferdsteknologirommet på som dei brukar når dei øver på situasjonar dei kan møte i yrkeslivet. Elevane får øving og kunnskap om ulik velferdsteknologi, og vil bli ein svært nyttig ressurs ute i kommunane med spesialkompetanse på området.
Vi fekk blant anna sjå korleis ein KOMP (smarttelefon og nettbrett utvikla for eldre) virka, korleis sensorar i rommet kunne oppdage mellom anna fall, benkar og skap kunne hevast/senkast tilpassa brukar og mange andre smarte hjelpemiddel. Til slutt fekk vi sjå ein film elevane hadde laga der dei demonstrerte bruken av hjelpemidla. Det var ei kjekk gruppe med elevar, med spennande kunnskap som vi håpar vi skal få møte igjen ute i våre lærebedrifter!