Etter pandemi og nedstenging, og lite rom for å få arrangere kurs for lærlingar, fekk vi endelig til å halde 2 kurs på ei veke ♥
Etter pandemi og nedstenging, og lite rom for å få arrangere kurs for lærlingar, fekk vi endelig til å halde 2 kurs på ei veke ♥
Fredag 03.juni fekk vi låne loftet på Herøy Vidaregåande skule til å lære oss om ergonomi og forflytningsteknikk. Heldige oss som har fleire gode samarbeidspartar rundt om slik at vi har denne moglegheita til å trene, øve og kurse oss!
Øystein Nerland hadde først ei økt med teori, der vi var innom ulike teknikker og utfordringer innanfor eit heilt arbeidsliv, og kom med gode tips og råd til lærlingane. Vi var innom ergonomiske prinsipp som korleis dei små valga vi tek er med på å forebygge – og unngå belastningsskader, og korleis vi skal få kroppen, og muskulaturen vår som støttespelar i løft- og forflytning.
Øystein fekk oss med på praktiske øvingar, han lærte oss om ulike sjukdommar og kva vi må tenke på rundt det, og ikkje minst viktigheita av kommunikasjon i møte med ulike brukere. Vi fekk også sjå nyttige filmsnuttar, og på slutten av dagen var det tid for å trene på kvarandre!