Etter læretida – Lizzy Moe Vatne

Vi har tatt oss ein prat med Lizzy Moe Vatne som var lærling i Ørsta kommune frå 2019 – 2021. Gjennom læretida var ho innom ulike avdelingar i Ørsta kommune.

Publisert: 30.05.2023

Å få jobbe på ulike avdelingar gjennom læretida beskriv Lizzy som veldig kjekt og lærerikt. Eg fekk prøve meg på ulike avdelingar, noko som gav meg moglegheit til å finne ut kva eg likte best å jobbe med. Som helsefagarbeidar kan ein jobbe med menneske i ulike aldrar og med svært ulike behov, noko som gjer faget og arbeidet variert og spennande. Det var og eit stort pluss å kunne tene eigne pengar samtidig som eg tok ei utdanning sei Lizzy.

Kva har du gjort på etter læretida?

Det siste året av læretida mi tok eg påbygg samtidig som eg var lærling. Eg tok då enkeltfag som privatist slik at eg i 2021 hadde både eit fagbrev og studiekompetanse. Når eg var ferdig som lærling hadde eg eigentleg tenkt å jobbe eit år som helsefagarbeidar i eit vikariat i heimetenesta, men sidan eg kom inn på sjukepleia starta eg rett på studie igjen. No er eg snart ferdig med 2. året på sjukepleiestudiet, men eg tek framleis ekstravakter i heimebasert omsorg.

Har du hatt god nytte av fagbrevet ditt?

Eg har absolutt hatt god nytte av fagbrevet mitt sjølv om eg valgte å gå vidare på studie. Eg har tatt med meg kunnskap og erfaringar frå læretida, noko som har gjort det lettare for meg å sjå sammanhengen mellom teori og praksis.

Med fagbrev har det også våre lettare for meg å få ekstravakter ved sida av studie, noko som hjelper godt på økonomien.

 

 

Kva planar har du dei neste 5 åra?

Først og fremst skal eg fullføre sjukepleiestudie. Eg vil og fortsette å jobbe slik at eg opparbeidar meg meir erfaring, så kanskje det blir ei vidareutdanning etter kvart. Om eg ser vekk frå skulegang og jobb har eg og eit ønske om å få reise og oppleve verden dei komande åra.