Etter læretida – Marlen Brandal

Vi har tatt oss ein prat med Marlen Brandal som var lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget ved Høddvoll barnehage og ved Ulstein barneskule. Ho gjekk opp til fagprøva våren 2016, og fekk då fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

Publisert: 01.03.2023

Kva har du gjort på etter læretida?

Når eg var ferdig med læretida mi i 2016 jobba eg eit år som fagarbeidar. Eg jobba ei periode ved barneskulen på Skeide, før vi flytta til Trondheim. Her fekk eg jobb ved Åsveien ressurssenter.

På Åsveien ressurssenter jobba eg som fagarbeidar på ei avdeling av skulen som hadde elevar med ulike behov, spesielt innanfor autismespekteret. Ein svært spennande arbeidsplass!

I tida etter at vi flytta til Trondheim skjedde det mykje i livet vårt. Eg jobba, vi blei foreldre til ein kjekk liten gut, og 14 dagar etter fødselen starta eg på påbygg ved Skjetlein vidaregåande skule. Med bestått studiekompetanse eit år seinare, starta eg på grunnskulelærar utdanninga ved NTNU. Etter å ha levert fordjupingsoppgåva det tredje studieåret, blitt tobarnsmor og våre avskjerma i frå familien på sunnmøre grunna Covid, bestemte vi oss for å flytte heim igjen til Ulsteinvik. Vi bygde oss hus, og eg haldt fram med studiet gjennom Nord universitet då dei tilbyr samlingsbasert grunnskulelærarutdanning. Inn i mellom studiekvardagen tek eg lærarvikartima på Hareid barneskule, og nokre tima forsterka opplæring i norsk på ungdomsskulen. Om eit år skal eg levere masteroppgåve innanfor undervisningsfaget norsk!

Det var opplevingar i lærlingtida og erfaringa eg gjor meg som lærling, som gjor at eg fant ut at det var lærar eg ville bli. Målet mitt er no å jobbe som lærar nokon år, for så å bli rektor!

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll/Vikebladet Vestposten

Kva planar har du framover?

Framover skal eg nyte den siste tida som student- (så godt eg kan. Eg er VELDIG klar for å bli ferdig med lærarutdanninga), og bygge meg opp mest mogleg erfaring gjennom vikartimar i ulike klassetrinn. Håpet er å kome raskast mogleg ut i full jobb etter at masteroppgåva er innlevert. Eg gleder meg veldig til å bruke tida mi på alle dei kjekke elevane, og å få bli ein skikkeleg del av eit kjekt og kunnskapsrikt profesjonsfagleg kollegium.

Den faglege kompetansen frå tida som lærling har eg nytta godt av både i det teoretiske ved universitetet, men også i praksis som lærar.