Etter læretida – Rita Hamre Lødemel

Vi har tatt oss ein prat med Rita Hamre Lødemel som var lærling i helsearbeidarfaget frå 2020 – 2022 i Volda kommune. Der fekk ho prøve seg innom fire einingar innan pleie- og omsorg.

Publisert: 22.05.2023

Gjennom læretida er lærlingane i helsearbeidarfaget innom ulike arbeidsplassar. Dette med mål om å få sjå bredda i pleie- og omsorgstenesta i kommuna. Dei fleste er 1/2 år på kvar stad.

Rita starta læretida si på omsorgsboligane på Barstadtun. Etter eit halvt år der starta ho på Severinhaugen (bu- og habilitering), vidare var ho i heimetenesta i Volda, før ho avslutta læretida på sjukeheimen i Hornindal.

Kva har du gjort på etter læretida?

Etter læretida har eg søkt på fagskulen innanfor barsel- og barnepleie. Tilbodet til fagskulen finn ein ulike stadar i Norge, alt etter kva ein vil studere. Eg går i Bodø, men sidan skulen er deltidsbasert over 2 år får eg kombinere skule og arbeid. Noko av undervisninga er nettbasert, og noko er samlingsbasert. Den nettbaserte undervisninga går via zoom, og når det er samlingsbasert reiser eg til Bodø, KJEMPEKJEKT! Eg har hatt praksis på fødeavdelinga i Volda og skal fortsette der som sommarvikar 🙂

Har du hatt god nytte av fagbrevet ditt?

Fagbrevet har komt godt med etter fullført utdanning. Når ein skal ta ekstravakter blir ein for eksempel prioritert når ein har fagbrev. Kombinert med studie mitt no jobbar eg på kirurgisk sengepost ved Volda sjukehus. Der er arbeidsoppgåvene veldig spennande og vi jobbar tett saman med andre yrkesgrupper, som til dømes sjukepleiarar.

Kva er planen din dei neste 5 åra?

Eg føler at sjølv om eg no har ei utdanning og eit fagbrev så har eg ikkje heilt landa på kva eg skal gjer framover, det finnast så utruleg mange moglegheiter. Først og fremst er planen min framover er å bli ferdig med fagskuleutdanninga og kanskje få ein jobb på fødeavdelinga, her har eg allereie sikra meg jobb som ferievikar. Eventuelt kan og ein annan jobb der eg kan jobbe med barn være aktuelt. Eg har og tenkt på moglegheita til å bli yrkesfaglærar.