Etter læretida – Tonje Sjåstad

Vi har tatt oss ein prat med Tonje Sjåstad som var lærling i helsearbeidarfaget i Vanylven kommune der ho fekk prøve seg både på institusjon og i heimetenesta. Tonje hadde eigentleg eit mål om å bli ambulansearbeidar og gjekk Vg2 ambulansefag på Fagerlia vgs. Gjennom studieåret endra ho meining og valte å søke som lærling i helsearbeidarfaget. Dette blir kalla eit kryssløp, der faga frå Vg2 ambulansefag er godkjende for å starte ei læretid som helsefagarbeidar.

Publisert: 01.03.2023 Oppdatert: 22.05.2023

 Kva har du gjort på etter læretida?

Etter læretida flytta eg tilbake til Ålesund igjen. Hausten 2019 begynte eg på Vg4 påbygg ved Fagerlia. Dette er eit påbyggingsår som fører til generell studiekompetanse for dei som har eit fagbrev. Ein slepp nokon fag, noko som for min del førte til ein fridag i veka. Dette såg eg på som ein stor bonus, og det gav meg moglegheit til å ta ekstravakter som fagarbeidar. Når eg var ferdig med påbygg starta eg på sjukepleieutdanninga ved NTNU i Ålesund. Studietida har sjølvsagt blitt påverka av pandemien, og vi blei god på bruk av munnbind både i prakis og på skulen samtidig som mykje av undervisninga var digital. På tross av pandemi har vi våre i ulike praksisperiodar gjennom studiet. Eg skal no i vår skrive bacheloroppgåva mi og til sommaren er eg ferdig utdanna sjukepleiar.

 

                         

Har du hatt god nytte av fagbrevet ditt?

Ja så absolutt! Det å ha fagbrev som helsefagarbeidar når ein skal studere til sjukepleiar har for meg våre ein stor fordel. I fleire forelesingar, kanskje spesielt i sjukdomslære har eg fleire gongar hatt både pasientar og situasjonar frå læretida å knytte teorien opp mot.

Eg har fått mange «aha-opplevingar», der eg har tenkt «det var derfor ho/han var slik» eller tenkt på kva eg kunne gjort betre eller annleis i ulike møter med pasientane eg møtte som lærling. Desse refleksjonane tek eg med meg vidare i sjukepleieutøvelsen. Ein får også mykje grunnleggande kunnskap som helsefaglærling som går igjen i sjukepleiarutdanninga.

Det å møte sjukepleiestudiet med ei viss kjernekompetanse som ein tileignar seg som helsefagarbeidar meina eg gir grunnlag for breiare og djupare utvikling og læring innanfor sjukepleia.

Kva er planen din dei neste 5 åra?

Vi har nettopp kjøpt oss hus, så flytting står på planen midt i bachelorskrivinga i vår.

Til sommaren skal eg jobbe på ein medisinsk sengepost ved Ålesund sjukehus, og kva som skjer etter det vil tida vise. Eg har mange interesseområde, men brenner kanskje litt ekstra for det akutte. Samtidig er heimetenesta ein hjertestein for meg, og det kan eg takke ei fantastisk læretid for. Eg ser også for meg og ha begynt på ei vidareutdanning innan dei neste 5 åra.