Fagdag for dei som jobbar med og rundt barne-og ungdomsarbeidarfaglærlingane

Rundt 35 faglege leiarar, instruktører, representanter frå skule, prøvenemnd, og opplæringskontoret var onsdag 05.10.22 samla til ein innhaldsrik og god fagdag i lag på Sunnmøre Folkehøgskule.

Publisert: 06.10.2022

Tema for dagen var å sjå på kva faktorer som er med på å forme lærlingane i barne- og ungdomsarbeiderfaget frå dei sit på skulebenken, gjennom læretida, fagprøva og heilt fram til dei er utdanna fagarbeidarar.

Vi på Opplæringskontoret har eit ønske om å styrke samarbeidet for heile det 4-årige læreløpet for lærlingane i barne-og ungdomsarbeiderfaget, på tvers av kommunegrensene, gjennom å samle skule, fagleg leiarar, instruktørar, prøvenemd og opplæringskontor, for å gi eit felles innblikk i kva dei ulike aktørane har for rolle i læretida.

Denne dagen hadde vi ulike innlegg, og dei ulike innslaga gav rom for ettertanke og tilbakemeldingar frå engasjerte instruktører 🙂

Hilde Aaslid fortalte om prosessen med fagfornyinga, og si rolle i gruppa som blant anna har jobba fram dei nye kompetansemåla. Her fekk ho belyse korleis det er å vere ein del av ei gruppe, om korleis det er å vere ny i ein ny setting, og om korleis det er å bli påmint om at ein ikkje alletide kan få det slik som ein ønsker. Innlegget skapte godt med engasjement, og vi som tilhøyrarar fekk ei større forståing rundt arbeidsprossen som ligg bak eit slikt omfattande arbeid som ei fagfornying er.

Olgunn Torvanger og Anja O Leine heldt eit innlegg som gav oss eit innblikk i skulekvardagen, der dei fortalte godt og levande om korleis det er å jobbe med ungdom. Vi er priviligerte som har denne jobben, og takknemmelige for å ha moglegheita sa Olgunn. Dei fortalte vidare om korleis dei jobbar inn mot praksis, og litt om skulekvardagen ellers. Det er godt å få eit større innsyn i korleis skulen jobbar, og godt for skulen å få eit innblikk i sjølve læretida. Når dei slepp frå seg kandidaten ut i feltet og i læretid, er dei også like spent på kor det er å vere lærling som det er for oss ute i arbeidslivet som sender frå oss lærlingane, enten til neste rullering eller ut som ferdige fagarbeidere.

Yvonne Sjåstad på opplæringskontoret satte tilhøyrarane litt inn korleis vi på opplæringskontoret arbeider ut mot lærlingen. Lærlingen skal jobbe med skriftelige arbeidsoppgåver ute i læretida også, og vi har laga oppgåver knytt opp mot kompetansemåla i læreplanen.

Elisabeth Warpe, avdelingsleiar barnehage i Herøy Kommune, fortalte om prosessen med tilsetjing av lærlingar, og om tilsetjingsprosessen av fagarbeideren. Her fekk vi arbeidsgivaren sitt perspektiv over kva for kvaliteter som kandidaten bør ha. Elisabeth fortalte om kva ho ser etter med dei ulike kandidatane, og ho presiserte viktigheita av at lærlingen blir sett for den h*n er,  , for det er ein gong slik at i eit arbeidsforhold der du skal jobbe tett på mennesker, så er arbeidslivet på jakt etter ulike personligheiter.

Vi avlutta dagen med eit godt innlegg frå Jorunn O Heggdal, som er koordinator for prøvenemnda, der ho satte oss inn i kva som må til på ei fagprøve, kva bør lærlingen kunne noko om, og kva dei som kjem ut og held fagprøvene ser etter.

Alt i alt ein god fagleg dag, der vi alle fekk påfyll av god og nyttig kunnskap! Tusen takk til alle som møtte for engasjement og tilbakemeldingar, til alle som heldt innlegg, og ikkje minst til Sunnmøre Folkehøgskule som nok ein gong leverte nydelig lunsj og la til rette for flotte forhold å leige i.