Førstehjelpkurs for 2. års lærlingar

Førstehjelp er viktig å kunne, både om ein jobbar som helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, insitusjonskokk, gjenvinningsoperatør eller IKT-servicemedarbeidar. Dei fleste lærefaga våre har førstehjelp som ein del av læreplanen. Dette var utgangspunktet for at vi ville arrangere eit førstehjelpkurs for våre lærlingar.

Publisert: 04.02.2020

I november 2019 arrangerte Opplæringskontoret førstehjelpkurs for alle 2. års lærlingane. Kurset blei arrangert på Vanylven pleie- og omsorgssenter, og kursholdar var Tor Inge Kvalsvik frå Lifecare.

Kursdagen blei lang for Tor Inge som gjennomførte 3 førstehjelpkurs for 3 grupper med lærlingar. Han var veldig dyktig, og lærlinggruppa var også svært engasjert og lærevillige. Dagen var blanda med teori og praktisk øving.