Fylkesmesterskap i helsearbeidarfaget

Møre og Romsdal skal kåre sin beste helsefagarbeidar – og 20 mars 2020 er vi med på å arrangere fylkesmesterskap i helsearbeidarfaget.

Publisert: 04.02.2020

Det skal arrangerast på Ørsta kulturhus. Arbeidsgruppa starta planleggingsarbeidet i november og er no godt i gong.

Dei som kan delta er:

Deltakarar og vinnar fylkesmeisterskapet i Kristiansund 2018
Deltakarar og vinnar fylkesmeisterskapet i Kristiansund 2018

Elevar på Vg2 helsefagarbeidar, lærlingar i helsearbeidarfag eller fagarbeidarar født etter 31.12.1998.
Deltakarar som er elevar på Vg2 helsefagarbeidar må ha planlagt å søke læreplass. Det konkurrerast individuelt.

Vinnaren får representere Møre og Romsdal i Yrkes-NM i Kristiansand 26. – 29. oktober

Påmelding til anne.mari@opplaeringytre.no
Påmeldinga sendast enkelt på epost og må innehalde: Deltakars navn, fødselsdato, skule/arbeidsplass, telefonnummer og epostadresse. Påmelding må også innehalde navn på veiledar/lærar, telefonnummer og epostadresse.

Korleis går konkurransa føre seg?

Tema for konkurransa sendast ut til deltakarane på førehand (1. mnd før konkurransesdag). Oppgåveteksten sendast ut til deltakarane dagen før konkurransa.

Sjølve konkurransa består av ein planleggingsdel, ein gjennomføringsdel og ein vurderingsdel.

Det meste av planlegginga skal gjerast når deltakaren får oppgåva. Deltakaren får i tillegg 5 minutt på scena til å gjere seg kjent med utstyret før gjennomføringa startar.
Deltakaren har maks 20 minutt på å utføre oppgåvene. Både deltakar og pasient vil bruke mikrofon slik at både dommarar og tilskodarar kan høyre kva som blir sagt.

Etter gjennomføringa er det ei kort oppsummering saman med dommerane. I oppsummeringsdelen får deltakaren anledning til å forsvare gjennomføringa, og eit muntleg spørsmål knytt til tema for oppgåva.