God jul frå oss på opplæringskontoret

Publisert: 21.12.2020

Året 2020

Året 2020 har våre eit år vi kjem til å hugse.

Dette året har vi ikkje kunne reise kvar vi ville, ikkje fått klemme den vi vil eller besøkt våre nærmaste når vi ønska.

Covid-19 har påverka kvardagen vår, både privat og på jobb.

Men på tross av alt dette må vi få sei at vi har hatt eit godt år på opplæringskontoret.

Begrensingane viruset har satt har gjort at vi har måtte lære oss nye ting og tenke nytt.

Vi har fått laga oss ny nettside. Det er kjekt å sjå at den blir brukt og dei som har spørsmål lett finn kontaktinformasjonen vår.

Vi har fått laga reklamefilm for opplæringskontoret der sporty lærlingar og veiledarar stilte opp og lot oss få eit innblikk i arbeidskvardagen deira.

Vi har fått gjennomføre 12 lærlingsamlingar, nokon fysiske og nokon digitale. Samtalar med lærlingar, veiledarar, faglege leiarar og andre samarbeidspartnerar har blitt gjennomført fysisk, på videosamtale og over telefon.

  

Opplæringskontoret har fått ei ny medlemsbedrift i 2020, Island Offshore. Dei har lærling i IKT-servicefaget.

Pr. dags dato har vi 90 aktive lærekontrakter! Det er det høgaste talet lærlingar kontoret noko gong har hatt.

36 lærlingar har i løpet av 2020 bestått fagprøva.

2021, nytt år med nye moglegheiter

Med desse orda vil vi takke for året 2020.

Vi skal fortsette å utvikle kontoret for framtidas krav og forventningar. Spennande ting ventar for oss i 2021.

Vi ser fram mot 2021, og vågar å håpe på at det kan bli eit år der vi igjen kan møte dei vi vil, handhelse og gi eller få ein klem i ny og ne.

God jul og godt nyttår