Til info
Vi er inne i ein kritisk situasjon når det gjeld Korona-viruset. Fleire lærebedrifter må permittere tilsette. Når det gjelder lærlingar så har dei pliktar og rettar etter Arbeidsmiljølova, og dei har ei lærekontrakt i samsvar med opplæringslova. Lærebedriftene har eit opplæringsansvar for lærlingane, og i utgangspunktet skal lærlingane skjermast frå permittering sidan dei er under opplæring.
Vi viser til informasjon frå Utdanningsdirektoratet sine heimesider om permittering av lærlingar:
«Hvis det er aktuelt å permittere lærlinger, praksisbrevkandidater og lærekandidater, er det viktig at de får god informasjon om det som skjer slik at de ikke føler seg overlatt til seg selv. Bedrifter som har lærlinger har ansvar for:
- å gi informasjon om permitteringer
- å legge til rette for at lærekontrakten kan utvides
- at det eventuelt settes en ny sluttdato som fylkeskommunen godkjenner
- å legge til rette for at fag- og svenneprøver kan avlegges på et senere tidspunkt»
Vi anbefalar at dykk fylgjer med på heimesidene til Utdanningsdirektoratet for oppdateringar: Udir – Informasjon om korona-virus
I dei tilfelle der lærlingane blir permittert så er det viktig at vi får beskjed om dette, slik at vi på opplæringskontoret kan registrere avbrot i lærekontrakta.
Meir informasjon om permitteringer kan dykk finne på heimesidene til NAV: NAV – permittering som følgje av korona-viruset
Vi viser elles til Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider for informasjon angåande Koronavirus og lærlingar. Vi anbefaler dykk å følge med der for oppdateringer: mrfylke – koronaviruset – informasjon til prøvenemnder og lærebedrifter
For oppdatert informasjon for din kommune, følg med på kommunen sine heimesider.