Julehelsing frå Opplæringskontoret

Publisert: 21.12.2021

Opplæringskontoret vil med denne julehelsinga takke så mykje for året som snart er over.

Vi hadde alle håpa på at 2021 skulle bli eit år der vi kunne møtast meir fysisk, kryssa kommunegrenser og på tvers av lærefag.

Nokre samlingar  har vi klart å gjennomføre, men vi har dessverre måtte avlyse nokre arrangement som var planlagt.

 

 

Opplæringskontoret har dette året fått fire nye medlemsbedrifter, Ørsta kommune, Åmås Friskule, Øyra barnehage i Volda og Byggtorget i Herøy.

Pr. dag dato så har vi over 90 lærlingar.

Mange lærlingar har gjennomført læretida si i 2021. Vi ønskjer alle lykke til vidare.

 

 

Yvonne Sjåstad er fortida ute i svangerskapspermisjon, men vi er så heldige og ha Julianne Nesset Kvalsund som vikar for Yvonne. Ho blir med oss på laget i 2022.

   

 

Vi ser fram mot 2022, der vi skal fortsette å utvikle kontoret for framtidas krav og forventingar. Og håper vi kan få til fleire møtepunkt

Den største ønskje vi på Opplæringskontoret har til Jul, er at vi alle saman gjer jobben vår og følgjer retningslinjene slik at vi får mindre smitte i tida framover.

God jul og Godt Nyttår