Julesamling for lærlingane

Torsdag 8.desember hadde vi julesamling for lærlingar i alle fag.

Vi møttes på SUFH ( Sunnmøre folkehøgskule) om morgonenen, og fekk som alltid ein fin dag ilag der SUFH -gjengen hadde gjort klart til oss i forkant av dagen.

Publisert: 13.12.2022 Oppdatert: 21.12.2022

Dagen starta med eit flott, inspirerende og motiverende innlegg av Tomas Myklebust, kommunepsykologen i Ulstein Kommune. Han snakka varmt til alle lærlingane våre om det å kjenne seg sjølv, tåle seg sjølv og vere seg sjølv! Vi hadde fleire gode økter der vi kom oss opp frå stolane og i bevegelse, og vi hadde øvelser der vi fekk tenke sjølve, drøfte med sidemannen og snakke i lag i plenum. Ein veldig fin formiddag i flotte rammer som gav tid til ettertanke.

Til lunsj var det sjølvsagt graut med mandel i 🙂 Og sjokoladenisse i premie til den som fekk mandel! Gratulerer Marte:)

Etter lunsj var det tid for ei god runde med julequiz i grupper. Her vart det litt frustrasjon då quizen var hjernetrim-oppgåver, men alt i alt ein god dag med heilskapleg trening for oss alle 🙂 Vinnarlaget kapra ein pose med julesjokolade på deling!

Vi ønsker alle våre flotte lærlingar ei god julehøgtid, og gledar oss til fortsettelsen i 2023!