Ein lærlingrepresentant blir valt inn av lærlinggruppa for 1 år. Lærlingrepresentanten er lærlingane sitt talerør inn til styret for opplæringskontoret og har på styremøta tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett. Lærlingrepresentanet blir kalla inn til alle styremøter (ca. 4 i året), og til årsmøtet som skal finne sted før utgangen av mars kvart år.
Lærlingrepresentant for 2020/2021
Lærlingrepresentant for skuleår 2020/2021 er Marie Mork Blindheim. Vi spurte om ho kunne fortelje litt om seg sjølv.
- Marie Mork Blindheim
- 22 år
- Sambuar
- Lærling på Hasund skule
Litt om meg ? Etter å ha vore innom ulike barnehagar tok eg eit omval om kva eg ville jobbe som. Eg avslutta tanken om å bli kokk og starta etter kvart på Vg1 helse- og oppvekstfag, deretter Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Eg har vore vikar i ulike barnehagar i ei 2-års periode. Då var eg innom tre ulike barnehagar og fekk utruleg mange erfaringar; positive og mindre positive.
Som representant i styret;
Eg er representant for skuleåret 2020 til 2021. Det betyr at du som lærling kan kome til meg, om det er noko som styre kan vedta eller andre ting som har betydning for din læretid. Eg er tilgjengeleg på Messenger og SMS på tlf. 95448218. Ikkje nøl med å ta kontakt.
Meir informasjon som kan være relevant for deg som er lærling kan du finne HER på heimesida vår.