Nyutdanna fagarbeidarar og eit nytt lærlingkull

Det blei ein rolegare vår enn vi hadde tenkt på grunn av covid-19, og vi har derfor ikkje hatt så mykje å skrive om på ei stund. Men siste tida har våre ei spennande tid for mange av våre lærlingar, på forskjellige måtar.

Publisert: 04.08.2020

Ein annleis arbeidskvardag

Når mange av samfunnets delar blei pålagt å stenge 13. mars påverka dette mange av våre lærlingar.

Lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget opplevde ein kvardag utan born og unge tilstede i barnehagen og på skulen. Lærlingar i helsearbeidarfaget opplevde karantenetiltak på grunn av eigen sjukdom, og auka arbeidsmengd og ansvar på grunn av kollegaer i karantene. Heldigvis klarte arbeidsplassane å halde dei aller fleste lærlingane med arbeid. For mange blei arbeidskvardagen prega av nye rutine, nye arbeidsoppgåver og meir arbeid med oppgåver i forhald til læreplan. Enkelte har også fått prøve seg på heilt andre arbeidsplassar ei periode.

Når samfunnet opna opp igjen starta dei fleste lærlingane opp igjen på arbeidsplassane. Lærlingane har på lik linje som andre tilsette lært seg mange nye rutiner og tiltak for å hindre smittespreiing. Etter kvart som samfunnet opna opp igjen fekk også prøvenemndene starte opp igjen med fagprøver i ulike fag. I løpet av juni og juli har 20 lærlingar gjennomført og bestått fagprøva.

Det har våre fagprøver i barne- og ungdomsarbeidarfaget, helsearbeidarfaget, kokkefaget og ikt-servicefaget, med resultat som BESTÅTT og MEGET GODT BESTÅTT.

   

Enda er det nokon lærlingar som ventar på å få ta fagprøva si, men prøvenemndene er i full sving for at flest mogleg skal få gjennomføre fagprøvene dei neste månadane.

Eit nytt kull med lærlingar

Samtidig som nokon no går inn i dei siste vekene sine som lærlingar, startar eit nytt kull lærlingar læretida si no i august.

Covid-19 ramma akkurat i dei tider vi skulle starte intervju av nye lærlingar saman med våre lærebedrifter. Heldigvis har vi på tross av restriksjonar fått gjennomført intervju, ikkje ansikt til ansikt, men via teknologiske løysingar. Kanskje har vi til og med lært oss noko nytt! I løpet av august 2020 startar 53 nye lærlingar hos våre lærebedrifter. Det er nye lærlingar i helsearbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget, institusjonskokkfaget og ikt-servicefaget.

Bedriftene har våre positive til og ta imot nye lærlingar, og med oss på laget har vi også eit par nye bedrifter. Hornindal barnehage, Ulstein skule, Haddal skule, Trollmyra barnehage og Island Offshore er nye lærebedrifter denne hausten, i faga barne- og ungdom og ikt-servicefaget. Vi ser fram til eit godt samarbeid med nye og gamle bedrifter, og ikkje minst alle lærlingane!

Hornindal barnehage – foto Anne-Mari Pilskog