Ei gladnyheit på starten av 2021! Ørsta kommune blir medlemsbedrift hos opplæringskontoret for Søre Sunnmøre.
Ei gladnyheit på starten av 2021! Ørsta kommune blir medlemsbedrift hos opplæringskontoret for Søre Sunnmøre.
Frå og med 01.07.2021 går Ørsta kommune inn som medlemsbedrift hos opplæringskontoret. Dette ser vi veldig fram til.
Opplæringskontoret vil dermed dekke alle dei 7 kommunane på Søre Sunnmøre når det kjem til lærlingar i kommunale fag. Ørsta kommune vil som tidlegare år ha læreplassar i helsearbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget og institusjonskokkfaget.
Fram til overgangen i juli vil Hilde Flotve Mo fortsette som lærlingansvarleg i Ørsta, og vi vil ha eit tett samarbeid med henne for å sikre ein god overgang, både for lærebedrifter og for eksisterande lærlingar. Vi vil også delta i rekrutteringsprosessen av det nye lærlingkullet som skal starte i Ørsta august 2021. Søknadar til lærlingstillingar hausten 2021 i Ørsta kan sendast til oss via vår nettside.