Over 100 aktive lærekontrakter!

For første gong i opplæringskontorets historie har vi over 100 aktive lærekontrakter. Dette måtte vi markere!

Publisert: 23.08.2023

Denne hausten satt Søre Sunnmøre Opplæringskontor ny rekord med over 100 aktive lærekontrakter.

Godt over 100 faktisk, vi har 117 aktive lærekontrakter pr. no! Lærekontraktene er fordelt på faga helsearbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget, ernæringskokkfaget og IT-driftsfaget. Dei fleste er ordinære lærlingar som kjem direkte frå vidaregåande skule, men vi har og ein del vaksne som har ei form for lærekontrakt.

Lærling nr. 100

Hana, som er lærling i helsearbeidarfaget blei vår lærling nr. 100. Tirsdag overraska vi henne og avdelinga på Alvehaugen i Ulsteinvik med marsipankake.