Parteringskurs ved Ole Ringdal

Som ein del av opplæringa deltok 3 av lærlingane på parteringskurs hos Ole Ringdal 17-18 februar.

Publisert: 05.03.2020
Bilde lånt frå www.oleringdal.no

Ole Ringdal AS har fabrikk og slakteri på Hellesylt, og er hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt.

Opplæringskontoret har i fleire år sendt lærlingar til Hellesylt på parteringskurs, noko lærlingane i institusjonskokkfaget har god nytte av i sine framtidige yrker.

I år var det 3 lærlingar som deltok, Nataniel – lærling i Herøy kommune, Sigve – lærling på Sunnmøre folkehøgskule og Sevrine – lærling på institusjonskjøkkenet i Ulsteinvik.

Kurset gjekk over to dagar og lærlingane blei innlosjert på hytter for overnatting.

                 

I læreplanen har lærlingar i institusjonskokkfaget blandt anna fokus på hygiene, HMS, klargjering av ulike råvarer, å kunne vurdere rett bruk av råvarer, valg av rett utstyr og ikkje minst rett bruk av utstyret. Dette er blandt kompetansemåla som lærlingane fekk opplæring i henhald til desse dagane.

Takk til Ole Ringdal som tok imot oss.