Rekrutteringspatrulja er tilbake

I år har vi endelig fått i gang rekrutteringspatrulja vår, og no har vi våre på opplæringsdagar!

KS og Jobbvinner inviterte til kjekke og informative dagar på Gardermoen 🙂

Publisert: 20.12.2023

På denne samlinga deltok Sofie, Pia og Emma frå vårt opplæringskontor. Pia er 2.års lærling i helsearbeidarfaget, og Sofie og Emma er 1.års lærlingar i barne-og ungdomsarbeidarfaget.

Programmet desse to dagane besto av ulike innslag og presentasjonar som rekrutteringspatrulja kan dra god nytte av i sitt arbeid med å vere gode ambassadører til å rekruttere inn fagarbeidarar for framtida.

Vi fekk blant anna møte Norgesmester i yrkesfag 2023, Emma Straub ( Ja, det er imponerande !!), møte dei energiske ambassadørane for  menn i helse, og lære gode triks og og råd i arbeidet med presentasjoner, og ikkje minst møte andre som deltek i ulike patruljer i landet vårt.

No håper vi at alle ungdomsskulane og vidaregåande skulane våre tek godt imot patrulja vår, dei er iallefall i full gang med å forberede seg til å reise ut på besøk 😉