Yrkesfaglærar i praksis på opplæringskontoret

Av og til får vi på opplæringskontoret forespørsel frå studentar som ynskjer praksis. Det synst vi er kjekt, og vi prøvar å gi ein variert praksis der studentane får eit innblikk i vår arbeidskvardag.

Publisert: 28.09.2020

Yrkesfaglærarstudent i praksis

Den siste tida har Anne-Mette Gundersen våre i praksis på opplæringskontoret. Anne-Mette er tredjeårsstudent på yrkesfaglærarstudie ved NTNU i Trondheim. Frå tidlegare har Anne-Mette har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, tatt praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag ved høgskulen i Volda og jobba som lærarvikar ved ulike skular.

I praksistida har Anne-Mette fått eit innblikk i kvardagen på opplæringskontoret ved å følge arbeidskvardagen til Anne-Mari og Yvonne både på kontoret, og ute i bedriftene. Dei vekene ho har våre her har ho våre med på første lærlingsamlinga for lærlingkull 2020, halvårssamtaler og veiledarkurs.

Lærlingsamling

Lærlingsamling i Volda

Anne-Mette har også sjølv hatt ansvar for å arrangere ei lærlingsamling. Sidan ho har bakgrunn i barne- og ungdomsarbeidar blei samlinga for 2. års lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Anne-Mette arrangerte kursdag med tema »Frå kroppsspråk til teiknespråk».

Bli yrkesfaglærar?

Blei du litt nysgjerrig på utdanninga som Anne-Mette snart er ferdig med så kan du klikke deg inn på lenkene i slutten av artikkelen. Utdanninga tilbys i dag ved NTNU Trondheim og OsloMet. Både Anne-Mari og Yvonne som jobbar på opplæringskontoret har tatt denne utdanninga innan sitt fagområde. Anne-Mari med bakgrunn som kokk, og Yvonne med bakgrunn som hjelpepleiar.

Info om yrkesfaglærarutdanning – OsloMet

Info om yrkesfaglærarutdanning – NTNU Trondheim