Byggdriftarfaget

Som byggdriftar jobbar du med drift og vedlikehald av teknisk anlegg og byggningar.

Publisert: 27.12.2019 Oppdatert: 27.10.2022

Som byggdriftar er du i ein jobb som er i sterk endring. Dei siste åra har jobben fått betydelig større omfang, og krev kunnskap om elektronikk, teknikk og kontrollfunksjoner. Arbeidsoppgåvene krev også gode IKT-kunnskaper.

Aktuelle arbeidsoppgåver kan være;

  • Dagleg ettersyn av bygg, anlegg og uteareal
  • Utføring av enkle reperasjonar og vedlikehald
  • Drifte lys-, ventilasjons-, varme- og kjøleanlegg, samt vass- og avløpsinstallasjonar
  • Sjå til og drifte ulike alarmsyste, og anlegg for brannvarsling og naudstraumsforsyning
  • Bruke program for forvaltning, drift og vedlikehald og program for sentral driftskontroll
  • Assistere og finne løysingar der det er driftsmessige problem
  • Drifte basseng og utføre rutinesjekkar i henhald til prosedyrer

Kvar kan ein jobbe som byggdriftar

Som byggdriftar kan du jobbe på dei fleste skular, idrettshallar, svømmeanlegg, sjukehus, industri- og forretningsbygg og hotell som har eigen byggdriftar. Det gjeld også mange private boligselskap, bedrifter og organisasjonar. Kommunane har ofte byggdriftar tilsett for drift og/eller vedlikehald. Private firmaer som utfører slike tenester for kundar tilsetter også byggdriftarar.

Personlege eigenskapar

Du bør være praktisk anlagt og kunne løyse små og store oppgåver på ein god måte. Som byggdriftar må du kunne arbeide sjølvstendig, men også ha evnen til å samarbeide med andre.

Lenker til meir informasjon om faget:

Meir informasjon om byggdriftarfaget

Utdanningsdirektoratet – Læreplan byggdriftarfaget

Medlemsbedrifter

Byggdriftarfaget