Barne- og ungdomsarbeidarfaget

Som barne- og ungdomsarbeidar planlegg, gjennomfører og vurderer du ulike pedagogiske tilbod for barn og ungdom, for å stimulere til vekst og utvikling.

Publisert: 27.12.2019 Oppdatert: 03.02.2020

Som barne- og ungdomsarbeidar arbeider du med grupper eller einskildpersonar i alderen 0-18 år med ulik bakgrunn og behov. Du kan jobbe med barn og unge ein til ein, eller i ei gruppe ilag med andre kollegaer. Som barne- og ungdomsarbeidar hjelper du barn og unge i den sosiale og motoriske utviklinga gjennom kommunikasjon, samhald, fellesskap, leik, utforsking og læring. Som ein del av jobben er du med å planlegge og gjennomføre aktivitetar som bidreg til dette. Du skal også være med å rettleie barn og unge, samt være ein godt rollemodell og ein trygg vaksen.

Kvar kan du jobbe?

Som barne- og ungdomsarbeidar kan du jobbe på alle arenaer der barn og unge oppheld seg, både innan offentleg og privat sektor. Dette er til dømes i barnehagen, på skulen, skulefritidsordningar og fritidsklubbar.

Personlege eigenskapar

Som barne- og ungdomsarbeidar må du være ansvarsbevist og like å jobbe med barn og unge. Du må være samarbeidsvillig, forståelsesfull og tolmodig. Du bør kunne kommunisere godt, og være flink til å lytte til barna, jobbe sjølvstendig, men også samarbeide med kollegaer og føresette. Vidare må du være ein god rollemodell og være bevist eigen væremåte og framtreden.

Vil du vite meir?

Utdanning – Barne- og ungdomsarbeidar

Læreplan – Vg3 Barne- og ungdomsarbeidarfaget

Medlemsbedrifter

Barne- og ungdomsarbeidarfaget