Helsearbeidarfaget

Som helsefagarbeidar utfører du omsorgsfull, grunnleggande sjukepleie og miljøarbeid til mennesker innan helse- og omsorgstenesten.

Publisert: 27.12.2019 Oppdatert: 10.02.2020

Som helsefagarbeidar ivaretek du den einskilde pasient og brukar sine behov for heilheitleg omsorg, ernæring, grunnleggande sjukepleie og miljøarbeid. Du skal opptre på ein profesjonell måte i møte med pasientar og brukarar i alle aldrar og livssituasjonar. I arbeidet bruker du både praktiske ferdigheiter og kommunikasjonsferdigheiter. Arbeidet krev at du held deg fagleg oppdatert, og følger med i utvikling av til dømes velferdsteknologi og nye digitale hjelpemidlar.

Kvar kan du jobbe?

Som helsefagarbeidar kan du jobbe i helse- og omsorgstenesta i kommune og privat sektor. Dette omfattar blant anna omsorgssenter, omsorgsboligar, heimetenesta og bu- og habilitering. Du kan også jobbe i spesialisthelsetenesta.

Personlege eigenskapar

Som helsefagarbeidar er det viktig at du likar å jobbe med folk. Du må kunne jobbe sjølvstendig, samt kunne samarbeide med andre og kommunisere på ein god og hensiktsmessig måte. Du må kunne vise omsorg, empati og respekt til andre mennesker. Det er også viktig med evne til læring, fagleg utvikling og omstilling i arbeidet då oppgåvene i arbeidskvardagen kan variere. Det er også viktig med gode digitale ferdigheiter.

Vil du vite meir?

Utdanning – Helsefagarbeidar

Læreplan – Vg3 Helsearbeidarfaget

Medlemsbedrifter

Helsearbeidarfaget