IKT-servicefaget

Som IKT-servicemedarbeidar jobbar du med drift, brukarstøtte, opplæring og rådgiving knytt til IKT-løysingar og IKT-infrastrukturar på arbeidsplassar.

Publisert: 27.12.2019 Oppdatert: 03.02.2020

Som IKT-servicemedarbeidar jobbar du med drift og brukarstøtte knytt til IKT-løysingar og IKT-infrastruktur på ulike arbeidsplassar. Du kan ha ansvar for opplæring og rådgiving knytt til desse områda innad i bedrifta og ut til kundar. Installasjon av nettverk, programvarer, IKT-løysingar, feilsøking og retting av feil er også ei av arbeidsoppgåvene. Du har ansvar for å jobbe i henhald til forskrifter, lover og standarar og verne om informasjonen ein handterar i arbeidet. Som IKT-servicemedarbeidar deltek du også i vidareutvikling og effektivisering av verksemder, og du kan vurdere, samt komme med forslag til IKT-løysingar for bedrift eller kunde. Det er viktig at du held deg fagleg oppdatert på ny teknologi, nye IT-løysingar og nye arbeidsverktøy.

Kvar kan du jobbe?

Som IKT-servicemedarbeidar kan du jobbe i små og store bedrifter med behov for IKT-kompetanse. Bedriftene kan være store bedrifter der du er ein del av eit IKT-team, eller du kan være den einaste tilsette med ansvar for IKT ved mindre bedrifter. Arbeidsplassar finn ein både i offentleg og privat sektor.

Personlege eigenskapar

Som IKT-servicemedarbeidar bør du være flink å kommunisere, formidle og samarbeide med andre. Du må være strukturert og systematisk, og kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre. Du må kunne skive og lese godt, norsk og engelsk, for å samhandle og for å finne informasjon og løysningar. Det er også viktig å være omstillingsdyktig og kunne tilpasse deg eit fagområde i stadig endring og utvikling.

Vil du vite meir?

Utdanning – IKT-servicemedarbeidar

Læreplan – Vg3 IKT-servicefaget

 

Medlemsbedrifter

IKT-servicefaget