Resepsjonsfaget

Som resepsjonist sørgjer du for at gjestar får eit hyggeleg opphald ved å gi informasjon og yte god service.

Publisert: 27.12.2019 Oppdatert: 03.02.2020

Som resepsjonist tek du imot gjestar ved bedrifta, og er bedrifta sitt ansikt utad. I jobben møter du kundar med ulike behov, ulik kulturell bakgrunn og nasjonalitet. Du skal som resepsjonist ha gode kunnskapar om bedrifta sine fasilitetar, kunnskap om attraksjonar, nærmiljø og transporttilbod.

Arbeidsoppgåver kan til dømes være;

  • Sjekke inn og ut gjestar
  • Du skal gi råd og informasjon til gjestar eller besøkande
  • Du kan ha ansvar for salg og booking
  • Du kan bidra i marknadsføring av bedrifta
  • Planlegge arbeidsdagen og koordinere interne oppgåver og arrangement

Kvar kan du jobbe?

Som resepsjonist kan du jobbe ved hotell, konferansesenter eller andre stadar der ein har behov for ein resepsjonist for å ta imot gjestar eller andre besøkande. Dette kan være både private og offentlege bedrifter.

Personlege eigenskapar

Som resepsjonist er du bedrifta sitt ansikt utad. Det er derfor viktig at du er hjelpsam og hyggeleg i møte med gjestane. Det er viktig å være serviceinnstilt, samt å ha gode språkkunnskapar, norsk og engelsk, både munnlege og skrifteleg. Mange arbeidsplassar krev også gode digitale ferdigheiter. Evne til samarbeid med andre, både kollegaer og andre samarbeidspartnerar er ein viktig personleg eigenskap.

Vil du vite meir?

Utdanning – Resepsjonist

Læreplan – Vg3 Resepsjonsfaget

Medlemsbedrifter

Resepsjonsfaget